Surt poengtap i serieopninga!

Fogn - Kvitsøy: 2-2 (1-0). Når du leier både ein og to null, og slepp inn utlikningsmålet på overtid, så må ein få lov til å seie at det er eit surt poengtap. Slik vart det for Fogn i serieopninga av 7. divisjon avdeling 2, 2016.

I skiftande vèr, med alt frå sol til sludd, barka Fogn og Kvitsøy saman til årets første seriekamp. På førehand var det vanskeleg å seie kven som var favoritt, mellom anna grunna at Fogn ikkje hadde spelt ein einaste treningskamp, og heller ikkje hadde hatt meir enn ei trening på graset før Kvitsøy kom på besøk. Samstundes hadde ikkje bortelaget imponert i treningskampar i vinter, så det var duka for ein open kamp!

Utover det skiftande vèret var det flotte rammer rundt kampen! Mange hadde møtt opp, det lukta vafler frå kiosken som no står fint plassert blant publikum ved midtstreken, og både speakerar (Kristian S Iversen og Jørgen Bø) og musikk var på plass!

Førsteomgangen bølga fram og tilbake med sjansar til begge lag. Tempo og kvalitet var nok så som så, men fleire av sjansane var i alle fall store og gode, sjølv om ingen av desse vart omsett i skåringar. Ikkje før på overtid av første omgang. Då fekk Fogn corner, og spelande trenar Jakob Bø sendte fram det som var av "luftskyts", for no skulle Fogn ha eit mål før pause. Som sagt, så gjort. Johannes Hovda jr slår ein perfekt corner til Jakob på bakre stolpe. Sistnemnde stig til vers og stangar inn 1-0 til heimelaget, og han har ikkje meir enn landa før dommaren bles av til pause, med heimelaget i leiinga!

I andre omgang fekk Fogn fordelen av medvind, noko som nok bidrog til at dei blåkledde styra første halvdel av omgangen. Likevel måtte dei ha hjelp for å få sett inn det andre målet, då Kvitsøy sin høgreback plasserte ballen heilt inne ved stolpen, etter at Ole Jakob Kjølvik hadde slått eit fint innlegg frå si høgreside, 2-0!

Framleis var det Fogn som styra kampen, men Kvitsøy var også farleg frampå nokre gonger. Eit kvarter før slutt fekk dei også ein corner, som vart utnytta på beste måte. Heimelaget "sov litt" og glapp i markeringane, slik at ballen først vart stussa vidare av ein Kvitsøyspelar, før den traff ein Kvitsøyfot, og vart forlenga vidare inn i mål, 2-1.

Ikkje lenge etter vart Kvitsøy redusert til 10 mann, då ein nokså frustrert midtstoppar, som hadde vore framme på ein corner, sparka ned Jakob Bø som var i fint driv framover på ei kontring. Likevel, med 10 mann og med motvind i fjeset, så skulle Kvitsøy få si utlikning.

Dommaren hadde nettopp gitt beskjed om at 3 minutter var lagt til, då Sigve Bø hamna bak ein Kvitsøyspelar inne i Fogn sitt 16-meterfelt. Dette stoppar ikkje Sigve frå å sette inn ei takling, og vips, så vart det straffe til bortelaget. Straffa vert sett sikkert ned til høgre for keeper Trond Egil Sivertsen, som elles gjorde ein veldig god figur i det som var hans 200. kamp for Fogn.

Resten av overtida vart eit stormløp mot Kvitsøy sitt mål, men heimelaget kom ikkje nærare enn eit par gode sjansar, før dommaren bles av til poengdeling, 2-2. 

No ventar Lura 2 på bortebane på tysdag for Fogn. Lura 2 vann sin opningskamp 2-1 på bortebane, så det kan fort vera eit godt lag Fogn skal opp mot i neste kamp.

Sjå fleire bilete frå kampen ved å scrolla ned under kampfakta! Bileta er knipsa av Kristian Sandanger Iversen, med unnatak av det siste biletet, som er knipsa av Janne Aano Bø. Takk for bileta!

KAMPFAKTA:

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Lars Olav Bøe
Vadim
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Ole Jakob Kjølvik
Trond Arne Borgemyr
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Malvin Skartveit
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bøe

Fogn sitt mål: Jakob

Fogn sine assists: Johannes og Ole Jakob

Gule/raude kort: Ingen!