Opningsfest på søndag!
/Søndag 3. april klokka 15.30 vert det opning av det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. I desse dagar vert det lagt falldekke under leikeapparata, og på laurdag vil dei siste apparata verta monterte. På søndag klokka 15.30 kjem ordførar Henrik Halleland for å klippe snora, det vert musikk og servering av kaffi og kake, i tillegg til at ein sjølvsagt får prøve det nye nærmiljøanlegget vårt!
Legg søndagskaffien til det nye nærmiljøanlegget 3. april!