Stem på årets vinterbilete!
/Grendalaget utlyste tidlegare i år ein konkurranse for å kåra årets vinterbilete frå Fogn. Vinnarbilete ville bli gjort kjent på årsmøtet i grendalaget, og premien er ein kopi av vinnarbiletet, forstørra på ei aluminiumsplate.
Mange bidrag kom inn, og grendalaget har hatt ein stor jobb med å plukka ut seks kandidatar som skulle gå vidare til "finalen". Dei seks bileta som det no står mellom, er presenterte nedanfor. Under biletet står det eit nummer, i tillegg til informasjon om kven som er fotograf. Nedst i saka kan du stemme på det biletet du vil at skal stikka av med tittelen "Årets vinterbilete på Fogn". Ein kan kun stemma ein gong per mobil/datamaskin/nettbrett, og frist for å avgi stemme er måndag 21. mars.
Bilete nr. 1: Knipsa av Anita Camilla Kvamsøe
Bilete nr. 2: Knipsa av Erlend Harestad
Bilete nr, 3: Knipsa av Morten Sangedal
Bilete nr. 4: Knipsa av Else Karin Vådeland
Bilete nr. 5: Knipsa av Ida Sunde
Bilete nr. 6: Knipsa av Heidi Bø Sangedal