Positivt folkemøte om Øyfast!
/Omlag 55 personar møtte opp i foajeen på Fogn oppvekstsenter då Grendalaget inviterte til folkemøte om Øyfast. Joar Sandanger, som er medlem av grendalagsstyret, ynskja velkomen, før ordførar Henrik Halleland fekk ordet. Halleland gjekk gjennom ein presentasjon frå IRIS der ein får sjå kva Øyfast går ut på, og korleis finansieringsgrunnlaget er. Politikar Jon Olav Runestad supplerte ordføraren, før det var tid for tilbakemeldingar og spørsmål frå salen.
Her var meiningane mange, og det var ikkje berre "halleluja-stemning" knytta til prosjektet. Fleire trakk fram utfordringar knytta til dette med høge betalingssatsar for å passera bommen mellom Fogn og Finnøy, i tillegg til bekymringar knytta til eit redusert hurtigbåttilbod. Likevel var det eit overveldande fleirtal av dei frammøtte som rakk handa i veret mot slutten av folkemøtet, då Joar Sandanger ba dei rette opp handa, dei som ville "gå for Øyfast". Grendalagsleiar Kristoffer talte 44 hender for og ingen mot i den uhøgtidlege avstemminga.
Mange tok som sagt ordet under møtet, og her er nokre sitat frå kvelden:
"Fastlandsforbindelse er undervurdert."
Henrik Halleland
"For mange år sidan hadde vi det veldig bra med båtar på Byre. Vi såg ikkje at vi trengte noko meir, men då såg vi ikkje framover. Sjå på oss i dag. Fogn står i fare for å hamna i same situasjon som Bokn og Byre om dei ikkje får til dette prosjektet"
Gudmund Byre
"Å mista hurtigbåten ville vore tragisk"
Ottar Sandanger
"Vi veit ikkje korleis framtida ser ut. Kan hurtigbåtar då gå på batteri? Kvar er kommunesenteret vårt då? Kor mange av dagens kommunar må vi køyre gjennom for å kome til det nye senteret? Vi har ikkje alle svara i dag".
Gordon Sunde
"Mange seier at det er dyrt med 150 kroner i bompenger til Finnøy, men vi må hugse på at ferja ikkje er gratis den heller. Vi betalar nesten like mykje når vi reiser heile familien med ferja til Finnøy"
Øyvind Sandanger
"Vi kan ikkje ha alle svar og fasiten her i dag. Vi kan ikkje diskutera detaljene. Då vert det som om vi planlegg eit stort bygg, men vert ståande fast fordi vi diskuterer kva for ein tapet som skal vere på barnerommet".
Joar Sandanger