Julestemning i boks!
/Diverse arrangement som kan setta ein i julestemning, har kome på rekke og rad på Fogn dei siste dagane. Sist ut var julefesten på Fogn oppvekstsenter, der både barnehagebarn og skuleelevar imponerte med flotte innslag! Omlag 150 personar var samla i gymsalen på oppvekstsenteret, og nesten alle var også med og gjekk rundt juletreet i foajeen. Og fekk ein ikkje julestemning denne kvelden, må ein nok spørje seg om den stemningen kjem dette året i det heile...
Under er ein serie med bilete knipsa av Anne Strøm Østhus, Jørgen Bø jr og Håvard Østhus.