Innhaldsrik helg i vente!
/At det skjer ein heil del på Fogn, er ikkje noko nytt. Den komande helga er på ingen måte noko unnatak, med mange ulike arrangement!
Fredag 25. november kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset
Fredag før første søndag i advent betyr guttelagsbasar på Fogn. I år kjem Åshild Gard frå Talgje for å ha andakt, og det vert gratis boller, saft og kaffi. Det er mange gevinstar i loddtrekninga, mellom anna fire akebrett av typen "Snow racer" og to gåvekort frå XXL på 500 kroner kvar. I tillegg har jo gutane laga diverse treting som vert lodda ut.
Arr: Fogn guttelag/gutteklubb
Laurdag 26. november kl. 11.00 - Historieforedrag i kyrkjekjellaren
Ein annan talgjebu, Berner Meling, kjem til kyrkjekjellaren for å fortelje om vekkinga på Fogn på tidleg 1900-talet. Kvifor møtte den nye forkynninga meir motstand på Fogn enn på Finnøy og Talgje? Og går det an å finne svaret?
Det blir servering av lapskaus, og høve til spørsmål etter maten.
Arr: Ansvarskomiteen i kyrkja
a
Laurdag 26. november kl. 18.00 - Reflekstur frå skulen
Fogn IL arrangerer sin årlege reflekstur, i ei løype som går frå skulen og ender opp ved kyrkja. Det er hengt opp refleksar langs løypa, og dei som deltek kan nytta medbrakte lykter for å finna både refleksane og løypa.
Arr: Fogn IL
Søndag 27. november kl. 10.30 - "Lys vaken-gudsteneste" i kyrkja
"Lys vaken-gudstenesten" er ein gudsteneste litt utanom det vanlege. 6. klassingar frå heile kommunen deltek, og dei har vore meir eller mindre lys vakne natta før gudstenesten. Terje Engstrøm er prest, og konfirmantane deltek også.
Søndag 27. november kl. 16.00 - Tenning av julegran++ på butikken
Butikken er open frå klokka 16.00-18.00, og det skjer diverse program i denne tida. Klokka 16.30 er det "avduking" av bilete inne på butikken. På bileta er det fleire lokale produsentar.
Klokka 17.00 vert det opning av den nye møteplassen og tenning av julegrana.
Det blir gratis kaffi, gløgg, klementiner, julekaker osv.
Arr: Fogn Handel
Søndag 27. november kl. 19.00 - Temamøte på bedehuset
Bonde og teolog Sølve Salte kjem med foredraget sitt "Bibelen eller biskopene?". Det vert enkel servering, og høve til spørsmål og samtale.
Bedehusforeningen, som arrangerer møtet, understreker at dette ikkje er eit medlemsmøte, men eit møte der alle som ynskjer å koma er hjarteleg velkomne.