Endeleg skulestart!
/"Endeleg er det skule igjen", kom det frå ein elev då både store og små born var i ferd med å samla seg utanfor Fogn skule måndag morgon. Og gjensynsgleda virka til å vere stor hos fleire! Stemninga var i alle fall god heile denne første skuledagen, og det la heller ingen dempar på det heile at sola etterkvart kom med mykje av både lys og varme!
I år er det berre fem elevar i 1.-2. klasse. Tre av desse er førsteklassingane Johanna, Noah og Lyder, som de kan sjå på biletet under.
Frå venstre: Johanna, Noah og Lyder
Til gjengjeld er 3.-4. klasse rekordstor dette året, med heile 21 elevar fordelt på desse to klassane! Bilete av denne gjengen, 5.-7. klasse, og eindel andre bilete av elevane på første skuledag, kan de sjå i serien under!