Finnøy G13, med fognbu på laget, vann Sør-cup!
/Finnøy sine gutar 13 sitt fotballag, har lenge vist at dei er eit lag å rekne med. Nyleg sikra dei seg opprykk til eliteserien til hausten, og dei siste dagane har dei levert sterke resultater i Sør-cup. Etter å ha "trøbla" litt i gruppespelet, kom dei seg gjennom sluttspelet og endte til slutt opp som finalelag på sjølvaste Sør-Arena (Start sin heimebane). Der var det Start sine gutar 13 som var motstandar, og dei måtte nok finne seg i å ha favorittstempelet. Men det avgjer ikkje fotballkampar. I den direktesendte finalen (sendt på Fædrelandsvennen sin nett-tv) viste Finnøylaget ein enorm innsats og effektivitet, og vann til slutt heile 6-2! Fleire av måla var reine perler, mellom anna eit praktfullt volleyskot frå Bård Brandeggen som førte Finnøy opp i 4-0 leiing!
Les kampreferat på Øyposten sine nettsider ved å klikka HER.
Etter kampen var trenar Tor Øyvind Skeiseid intervjua med det klassiske spørsmålet: "Kva føler du no?" Skeiseid svara at "dette er det største eg har opplevd etter fødslar og bryllaup...kanskje større!"
På Finnøylaget spelte Fognaguten Jørgen Bø store deler av finalen. Jørgen spelte i ei offensiv rolle på kanten, og jobba iherdig på lik linje med resten av det imponerande sterke laget!
Fogn.org gratulerer gutane, støtteapparat, føresette, og heile kommunen med den sterke prestasjonen!