Butikken er open!
/Onsdag 10. juni klokka 10.00 gjenoppstod butkken på Fogn, no med Ivar Opsal som ny butikksjef, og karane i Fogn Handel som eigarar.
På slaget 10.00 var det mange som hadde møtt opp for å sjå dørene verta opne, og NRK Rogaland var på plass og laga reportasje om det heile. Sjå denne reportasja ved å klikke HER.
Butikken har vorte pussa opp, og framstår i ny drakt. Dette verka dei til å settja pris på, kundane som strømma inn og ut av butikken heile dagen! Også borna på oppvekstsenteret fekk ta del i festen, då dei var inviterte på gratis is midt i skule- og barnehagetida! Elles var det både kake og kaffi til alle som tok turen innom butikken denne dagen, og dei aller første kundane som handla fekk blomar av butikksjefen sjølv!
Etter endt dag kunne Ivar melde om ein omsetning på omlag 63 500 kroner. Det må kunne seiast å vera meget bra på ein onsdag...
Sjå fleire bilete frå opninga i serien under: