Fogn med ny siger på heimebane!
/Fogn - Julebygda: 6-4 (3-3). Fogn IL sitt A-lag vann sin andre av to mulige heimekampar då dei slo botnlaget Julenbygda fredag kveld. Men sigeren kom ikkje lett, og keeper Trond Egil Sivertsen måtte stå som to mann ved eit par høve i andre omgang, då bortelaget pressa på for utlikning.
Fogn hadde ein stor tropp på heile 18 mann som møtte opp i god tid før kampstart, og fekk varma nokså godt opp på den regntunge grasbanen. Heimelaget kom også godt i gang med kampen, og skåra to mål før det var gått 15 minutter. Først var det Rasmus Skartveit som hoppa opp og stussa eit frispark frå Sigve Bø i mål, før Håvard Østhus sette inn 2-0 med høgrefoten, også dette etter frispark frå Sigve Bø.
Så virka det som om Fogn tok litt for lett på oppgåva mot tabelljumboen frå Julebygda, og slapp dei inn i kampen både ein, to og tre gonger, slik at bortelaget plutseleg var i leiinga, 2-3.
Fogn fekk den viktige utlikninga rett før pause, då Rasmus Skartveit slo ein corner frå høgre. I feltet sette Olav Østhus ballen kontrollert i mål med høgrefoten til 3-3, som også var stillinga då laga gjekk til pause.
Andreomgang starta nesten som den første, med to nokså kjappe skåringar frå Fogn. Jakob Bø spelte først gjennom Sergejs Kononov som ikkje gjorde nokon feil åleine med keeper, 4-3! Deretter sette Jakob sjølv eit frispark frå omlag 25 meter vakkert i mål, 5-3!
Igjen la Fogn seg litt nedpå etter å ha opna godt, og det var eigentleg ikkje ufortent at Julebygda sette inn reduseringa til 5-4 på ein retur etter frispark frå omlag 20 meter.
No byrja det å verta mange slitne bein ute på banen, og Fogn sette inn fleire av dei mange innbyttarane sine. Og det var nettopp to innbyttarar som skulle avgjere kampen omlag 10 minutter før slutt. Ei lang klarering frå Fognforsvaret vart jaga av spissduoen Daniel Hagen og Ørjan Bø Måkestad. Dei to hurtige spelarane sprang frå midstopparen til Julebygda, og Daniel fekk tuppa ballen vidare til Ørjan i duell med keeper. Ørjan kunne plassere ballen trygt i det tomme buret, 6-4!
Etter kampen var det både glede over tre nye poeng, men også litt usikkerheit knytta til eigen form blant heimelaget sine spelarar. Julebygda har berre skåra fire mål på dei første fire kampane i år, så at dei skårer fire mål i ein kamp mot Fogn kan verka litt urovekkande.
Neste fredag (5. juni) er det klart for bortekamp mot eit anna botnlag, Riska 4, før det vert kamp mot Finnøy 2 på Leikvoll tysdag 9. juni. Med full pott i desse kampane får Fogn ei god luke ned til laga som kjemper i botnen, og kan sjå oppover på tabellen.
KAMPFAKTA
Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Pål Rune Grønås
Jakob Bø
Johannes Hovda
Olav Østhus
Rasmus Skartveit
Håvard Østhus
Sergejs Kononov
Benytta reservar:
Lars Olav T Bøe
Ørjan Bø Måkestad
Daniel Hagen
Kristoffer Runestad
Malvin Skartveit
Andreas Hagenes Bøe
Vadim
Fogn sine mål:
Rasmus
Håvard
Olav
Sergejs
Jakob
Ørjan
Fogn sine assist:
Sigve x 2
Jakob x 2
Rasmus
Daniel
Fogn sine gule kort:
Trond Egil Sivertsen
Sigve Bø