Det skjer på Fogn i påska!
/Påskefeiringa på Fogn er alt godt i gong etter at jentelaget sin påskebasar vart arrangert på bedehuset fredag 27. mars. Mange folk møtte opp, og ein måtte opna opp dørene til ekstrasalen oppe for at alle skulle få ein plass å sitje. Det ser altså ut til å vere mykje folk på Fogn i påska, og dei som er her, har mykje å bli med på!
Laurdag 28. mars kl. 14.00
Opning av styrkerommet.
Vi serverer frukt og tomater. Namnet på styrkerommet vil bli offentliggjort og premiert.
Lasse viser teknikk og bruk av utstyr.
Arr: Fogn IL
Onsdag 1. april frå kl. 18.00
Loddselgjerar kjem på dørene i hus og hytter. Inntektene går til Fogn IL, og skal nyttast til apparat for leik og trening ved Fogn Oppvekstsenter.
Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset.
Inge Sirevåg talar.
Arr: Fogn Bedehusforening
Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen.
Parkering ved Erås museum, eller gå frå der du vil, så møtest vi ved bekken.
Helselaget har ein quiz og serverer frukt.
Arr: Fogn helselag, Speidaren og Fogn IL
Langfredag kl. 10.30
Gudsteneste v/Terje Engstrøm.
Song ved June Joanna Hovda.
Påskeafta
Loddsal ved butikken frå kl. 09.00. Servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekning kl. 14.00.
Arr: Fogn IL
1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset.
Ola Aasland Vold talar.
Anne Strøm Østhus syhg.
Kollekt til NLM.
Arr: Fogn Misjonslag (NLM)
1. Påskedag kl. 18.30
Familiegudsteneste v/ Anders Kvalevåg.
Song ved TøfFOGNådig og Fognakoret.
Nattverd.
Takkoffer til Opne dører.