Imponerande KOM-prosjekt!

KOM 201514.jpg

Kvar vår arrangerer kultur og musikkskulen i FInnøy, i samarbeid med dei ulike skulane, KOM-prosjekt. Prosjektet går ut på at alle 7. klassingane i kommunen går saman om å lage ein musikal og framføre denne for ei smekkfull kulturstove, ikkje mindre enn tre gonger. Det var premiere for familiane til skodespelarane på torsdag kveld. På fredag fekk alle elevane i grunnskulen i Finnøy sjå førestillinga, då denne vart synt fram både frå klokka 10.00 og 12.15. Elevane i 1.-6. klasse frå Fogn reiste over og fekk med seg den siste førestillinga, og etterpå var lovorda mange!

Årets KOM-prosjekt hadde fått namnet "Ferskenflight", og var basert på boka "Verdens største fersken" av Roald Dahl. Det handla om ein ung gut frå England, som fekk vere med på ei spanande reise ombord i ein gigantisk fersken, og reisa gjekk over heile Atlanterhavet, og enda til slutt opp i New York. Elevane imponerte med både kulissar, musikk, song, dans, skodespel, teknisk styring og mykje meir! Her var det mange gode prestasjonar, og det er ingen tvil om at neste års 8. klasse er full av lovande talenter innan ulike område!

Elevane frå Fogn bidrog i høgaste grad til å gjere førestillinga så god som ho vart. No er det også slik at elevar frå alle øyane har vorte ganske så godt kjende, i god tid før dei alle saman startar på ungdomsskulen til neste år.

Under er nokre bilete frå årets KOM-prosjekt. (Kulturstova ser ikkje akkurat smekkfull ut på det første biletet. Dette handlar rett og slett om at elevane frå Fogn var ute i god tid, og sit og ser på "bakomfilm" frå prosjektet, før sjølve førestillinga...)