Halvard sin film vann kåringa!
/Som vi skreiv om for eit par veker sidan, var Halvard Bøe sitt videobidrag med i kåringa om årets landbruksfilm på traktor.no. Han konkurrerte med 40 andre om den gjeve tittelen, så det var ikkje på nokon måte sikkert at han kom til å vinna konkurransen. Før helga kunne traktor.no presentere sju finalistar, og Halvard var framleis med i kampen. No i kveld kom offentleggjeringa; Halvard Bøe frå Fogn har laga årets landbruksvideo 2015! Dette kan du lese meir om i traktor.no si eiga sak, der den unge filmskaparen mottek ros frå profesjonelle aktørar og sjølv kjem med nokre kommentarar til bidraget sitt. Saka finn du ved å klikke HER.
Fogn.org vil sjølvsagt gratulera Halvard, og sendte ei gratulasjonsmelding med spørsmål om ein kommentar. Halvard takka for dette, og svara at det er viktig å få Fogn på kartet! Det har han sanneleg gjort med den flotte videoen under! Gratulerer Halvard!