Velkomen til arrangement på oppvekstsenteret!
/I løpet av den neste veka er det to opne arrangement på ettermiddagstid på Fogn oppvekstsenter. Her får de vita litt meir om det som skjer!
Kunstutstilling, fredag 30. oktober kl. 14.00-17.00.
Denne hausten har barnehagen jobba mykje med uteforming, eller "landart" som det kanskje er best kjent som. Dei har rett og slett brukt naturmaterialer ute i naturen, og laga flotte motiver som dei har knipsa bilete av. Desse bileta vert stilt ut i gymsalen frå klokka 14.00-17.00 på fredag. Vi ynskjer at alle som skal kome på besøk skal nytta inngangen ved barnehagen. Det vert servering av kjeks og brus, og alle er altså hjarteleg velkomne til å få sjå bileta, og nokre andre overraskingar som barnehagen har på lur...
U-landsaksjon, onsdag 4. november kl. 17.00-19.00
Den årlege U-landsaksjonen er flytta til ettermiddagstid, slik at flest mogleg kan få den med seg. Her samlar vi inn pengar til "Hei Verden" sitt prosjekt i Bangladesh. Pengane vert samla inn på ulikt vis. I foajeen har vi sal av middag, kaker, saft og kaffi. På torget i gymsalen kan du få "friska deg opp" på stasjonen "Hud og Hår", du kan prøve deg på bowling og blikkbokskasting, eller du kan få laga ditt heilt eige fotballkort! I tillegg vert det sal av ting som elevane har laga, effekter frå "Hei Verden" og vi har ein eigen brukthandel der du kan gjere nokre skikkelege røvarkjøp! Mot slutten av aksjonen vert det trekning på lotteriet der vi har mange fine gevinstar. Du kan kjøpe lodd under heile aksjonen.
Alle er hjarteleg velkomne til begge desse arrangementa!