Alfred Hauge-konsert i kyrkja!
/Onsdag 28. oktober klokka 18.45, vert det storslått konsert i Fogn kyrkje. Då kjem nemleg Hillevåg og Hinna menighetskor, saman med solist Inger Lise Hope og dirigent Arne Martin Aandstad på besøk! Dei skal ha ein konsert som baserer seg på tekstar og salmar av Alfred Hauge. Hauge ville som kjent vorte 100 år i år, noko som har vorte markert med ulike arrangement i store deler av kommunen gjennom det siste året. Hauge-konserten i kyrkja har fått tittelen "Opna deg, hjarte".
Solisten Inger Lise Hope er kjent frå TV-programmet X-faktor på TV2, der ho var med i jentegruppa "Shackles" som kom heilt til finalen i Telenor Arena i 2009. Ho opererer no som soloartist med base i Stavanger, og kjem altså til Fogn på onsdag.
Konserten kostar 200 kroner for vaksne og er gratis for barn. Det er Kulturhaust i Ryfylke som arrangerer konserten i samarbeid med Talgje sokn og andre lokale aktørar.