Felles oppstart i jente- og guttelaget på måndag
/Måndag 12. Januar klokka 17.30 startar jente- og guttelaget opp med felles barnemøte på bedehuset. Det er jentelagsleiar Margrete Frafjord som har kontakta Fogn.org og melder om at det kjem til å verta ein innhaldsrik kveld med:
- Andakt av Håvard
- Leik og moro
- Pølser, sjokoladekake og brus
Dersom nokre foreldre vil vere med, er dei veldig velkomne til det. Vi har i så fall kaffien klar...