Takka av etter 47 år i tenesta!
/Søndag 14. september var det tid for søndagsskulefrukost på bedehuset. Spesielt invitert i år, var Johannes Hovda, som no gir seg som søndagsskulelærar etter ikkje mindre enn 47 års karriere. Johannes fekk blomar, ein trefigur og gode ord som takk for innsatsen, før han sa nokre velvalde ord til dei omlag 60 frammøtte. Han kunne fortelje at det hadde gitt han mykje å vera leiar i søndagsskulen, og at det viktigaste var at både born og vaksne ville fylgja Jesus.
Elles vart det servert god frukost i tillegg til at det var song, andakt og ein leik for borna. Søndagsskulen på Fogn er delt i to grupper. Borna opp til og med 3. klasse går på Søndagsskulen, medan dei som går i 4. klasse og oppover høyrer til i Søndagsringen. Dei møtes stort sett alltid klokka 11 på bedehuset, dei søndagane det ikkje er føremiddagsgudsteneste i kyrkja. Oversikt for hausten vil bli lagt ut på Fogn.org når denne er klar.
Under er nokre bilete frå søndagsskulefrukosten: