Gjekk frå Oslo til Fogn!
/26. Juli gjekk Marita Sandanger og Sondre Trå Sørheim ut av ein leilighet på Lambertseter i Oslo. Med seg hadde dei kvar sin hund, og hadde det ikkje vore for dei store sekkane dei bar, kunne ein gjerne tru at dei berre var ute og lufta desse to hundane. Men turen skulle ikkje vere over før dei snaut tre veker seinare gjekk inn gjennom døra på garden til Marita sine foreldre, Reidun og Trygve Sandanger på Sæbø!
Fogn.org møter to, nesten uforskamma opplagte, ungdomar i stova til fam. Sandanger. Marita og Sondre har avslutta turen med å ro i trebåt frå Hjelmeland til Fogn berre timar tidlegare, men verkar ikkje særleg slitne der dei sit og ser gjennom bilete frå ekspedisjonen. Det har blitt ein heil del bilete i løpet av den 564 km lange turen, der dei overnatta omtrent like mykje i telt som i turistforeningen sine hytter langs vegen. Og når ein i tillegg veit at begge hadde tunge sekkar, der Sondre sin i periodar vog omlag 40 kg, kan ein jo lure på korleis i all verda dei hadde klart seg på turen.
- Det gjekk eigentleg veldig greit, seier Marita og legg til at det faktisk var tyngst i starten av turen, men at kroppen etterkvart trong mindre og mindre tid på å restituere seg og lade batteria til neste etappe.
Sondre, som mellom anna har gått Noreg på langs åleine, fortel at ein merker humørsvingningane betre når ein går saman med andre, men han har gode råd for å unngå dette:
- Skal du gå på lange turar, må du både ete og kvile godt. Stopp heller ein halvtime for tidleg enn ein halvtime for seint, då går alt så mykje betre. Vi har passa på å spise gode måltider, med havregrøt til frukost, "REAL turmat" til middag, og pannekaker eller suppe til kvelds.
- Og masse sjokolade, legg Marita smilande til.
Turen har gått over fjell og ned i dalar, og gjennom både skogar og byar. - Då har me prøvd å få i oss ein burger når me har hatt sjansen til det, seier Sondre, før han humoristisk legg til: - Det er eigentleg eit nokså godt tips det. Neste gong du vil ha burger og cola, så gå ei veka i fjellet med ein 30 kg sekk først, så smaker maten mykje betre!
- Kva var det vanskeligaste i løpet av turen, utfordrande vèrforhold kanskje?
- Vi har jo hatt mykje vèr, men har eigentleg ikkje gått og vore kalde og våte, så det har i grunnen gått greit, fortel Marita, før ho fortset. - Det vanskeligaste var nok innsjøen Bandak, då vi padla Telemarkskanalen frå Lunde til Dalen. Her var det dårleg vèr som gjorde at me måtte padla til seint på kvelden, og til det var heilt mørkt. Det var ikkje noko særleg.
- Ja, men vi hadde jo planlagt å bruke fire dagar på Telemarkskanalen, og brukte i underkant av to, så det var nok grunnen til at vi kom til Fogn ein dag før skjema, smiler Sondre, som legg til at han likte dette godt, for då får han med seg fredagens fotballtrening på Fogn!
- Til slutt, korleis var følelsen då du såg heimen din, og målet for turen, Marita?
- Det var kjekt, men for å vere ærleg så var det litt vemodig og... Vi hadde sett fram til denne turen lenge, og no var den over liksom. Men for alt i verda, det var godt å nå mål!
Fogn.org gratulerer Marita og Sondre med ei imponerande bragd, som det nok er lenge til andre fognbuar kjem til å kopiere, dersom det nokon gong skjer...
Sjå fleire av parets eigne bilete frå turen i serien under: