Vann lokaloppgjer!

Dei tre målskårarane, Johannes, Ivar og Jakob jublar etter kampslutt.

Dei tre målskårarane, Johannes, Ivar og Jakob jublar etter kampslutt.

Fogn - Mastra 2: 3-0 (3-0). Etter å ha tapt knepent mot Finnøy i serieopninga, var det tid for revansj for A-laget i fotball då eit anna nabolag sto på motsatt banehalvdel, nemleg Mastra 2. Fredagens kamp var Fogns første heimekamp i årets seriespel, og for ein match det vart! Fogn hadde full kontroll i første omgang, og kunne skåra mange fleire mål enn dei tre det vart før dommaren blåste til pause. Både stenger og tverrliggar sto i vegen, men la oss ikkje dvele ved det som ikkje vart mål, la oss heller se nærmare på måla:

1-0: Corner frå venstresida etter massivt trykk mot bortelaget. Martin Østhus slår ein presis, innoverskrudd ball, som går over dei aller fleste, utanom Ivar Opsal som har lurt seg inn på bakerste stolpe. I duell med forsvaret tillet Ivar seg to forsøk på å få ballen over linja, og lukkast den andre gongen, 1-0!

2-0: Etter eit angrep trillar ballen bakover i 16-meteren til Mastra. Håvard Østhus får ei tå på ballen omlag samtidig som ein Mastraforsvarar tek både ballen og Håvard. Dommaren er klar i si sak: straffe! Jakob Bø stiller seg opp, tek eit kort tilløp, og plasserer ballen omlag så langt ut til venstre som det let seg gjera, 2-0!

3-0: Eit innlegg frå venstre vert klarert ut av feltet og inn i farleg område på ca. 25 meter. Der står Johannes Hovda jr og plukker opp "nedfallsfrukten", legg ballen til rette, og klemmer til med høyrefoten. Ballen fyk i mål til høgre for keeper, og den må ha truffe nettet i omlag same nettmaska som straffen til Jakob, 3-0!

I andre omgang tok Fogn "foten av gasspedalen", men kom til fleire store sjansar likevel. Nærast var nok Johannes Hovda då han traff stolpen etter eit raid og Sigve Bø då han heada like over etter eit fint innlegg frå høgre. Mastra hadde ingenting å fare med, noko som verkar rart etter at dei hadde vunne sine to første kampar, mellom anna mot Finnøy (3-1). 

Etter kampen var det god stemning både blant spelarar og publikum. Det er ikkje kvar heimekamp folket får sjå så fin fotball som Fogn viste i dag, særleg i 1. omgang. Når ein i tillegg registrerer at dette resultatet sender Fogn forbi Finnøy på tabellen, kan ein ikkje vere anna enn godt nøgd... 

Tilskodar Joar Sandanger sende ein mail til Fogn.org med både ein kommentar og ein filmsnutt med spelarropet etter kampen. Kommentaren kjem under, og videoen ser du i botnen av denne saka, saman med eit lite klipp frå den største sjansen i andre omgang. Takk til Joar!

"Kanskje naboane våre frå Rennesøy hadde i overkant sjølvtillit etter storsigeren mot Finnøy sist tysdag. På Fogn stadion luska dei nemlig slukøyra av banen i kveld etter å ha tapt 3-0 mot eit godt organisert og angrepsvillig Fognalag som gav oss tilskuarar topp underhaldning og fotballglede i nær 90 min.
Me takkar for kampen og ser fram til ein lovande sesong!"

Kampfakta

Fogns lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Olav Østhus
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Håvard Østhus
Sergej Kononovs
Trond Arne Borgemyr

Reservar (alle benytta):
Kristoffer Runestad
Jon Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde
Vadim

Mål: Ivar, Jakob, Johannes
Assist: Martin, Håvard, Ingen
Gule kort: Pål Rune