Fogn til topps, trass poengtap!

Arkivfoto.

Arkivfoto.

Fogn IL - Staal Jørpeland 3: 3-3 (3-1). Før kampstart var premissane klare: med poeng i dag, ville Fogn gå til ein førebels topp på tabellen i 7. divisjon. Etter kampen var Fogn på topp, men stemningen var ikkje akkurat høgt oppe. Les kvifor i denne saka!

Fogn kom frå to strake sigrar, og var stinne av sjølvtillit før dagens heimekamp. Mykje folk på sidelinja og varmt vårvèr skapte også god stemning, så her var rammene klare for ein festkveld! Men Fogn virka ikkje heilt "påskrudde" det første kvarteret av kampen, og det var ikkje mot spelets gong at bortelaget tok leiinga etter ein corner frå venstre, 0-1.

Etterkvar "vakna" Fogn meir og meir, og det skulle gi resultater! Håvard Østhus sette press på Staals venstreback, slik at han mista ballen medan keeper var langt ute av mål. Bordet var altså dekka for Håvard, som plasserte ballen i mål med venstrefoten frå omlag 20 meter, 1-1!

Deretter gjekk det berre få minutter før Fogn tok over leiinga i kampen. Martin Østhus slo ein presis corner frå venstre, slik at den hamna på pannebrasken til Jakob Bø på bakre stolpe. Jakob gjorde ingen feil, men stanga ballen i mål til 2-1 og jubel frå heimetilskodarar og spelarar!

Ikkje lenge etter auka Fogn leiinga. Jakob stal ballen frå bortelaget, og fleire spelarar kom framover på ei kontring. Jakob spelte gjennom Trond Arne Borgemyr på høgresida, som tok ballen med seg til dødlinja. Trond Arne slo så ballen ut i feltet der Håvard fekk godt treff på volley, 3-1! Dette resultatet heldt seg til pause.

I andre omgang gjorde Staal fleire bytter, noko som såg ut til å svekka laget. Då dei derimot la om formasjonen til 4-3-3, og sendte ein av backane sine opp i angrep, gav det fort resultat då den nemnde backen sette inn eit reduseringsmål til 2-3.

Etter dette bølga spelet fram og tilbake, utan at Staal kom til dei store sjansane. Det gjorde derimot Fogn, då nok ein flott corner frå høgrefoten til Martin traff panna til Jakob, som diverre ikkje klarte å presse ballen lenger ned enn i tverrliggaren og ut! Med 4-2 der hadde nok kampen vært avgjort, men no vart det i staden Staalstormløp for å få utlikninga. Bortelaget kriga seg mellom anna fram til fleire cornarar, og nettopp på ein corner, omlag 2 minutter før slutt, skjer det som vart det store samtaleemnet etter kampen.

Før corneren blir tatt, er det eindel knuffing foran keeper Trond Egil Sivertsen. Midtstopparen til Staal er mellom anna framme og trakkar på Trond Egil, som svarar med ein bevegelse som dommaren oppfattar som eit slag. Han går rett bort og viser det raude kortet til Trond Egil, slik at Jon Østhus må ta på seg keeperdrakta idet Trond Egil tuslar av banen. Samstundes dømmer dommaren straffe til Staal, sjølv om ballen ikkje var i spel då forseelsen skjedde. Dette bryt med fotballens kampreglement § 10, der det står at: «Straffespark dømmes mot et lag som har begått en av de ti forseelsene som medfører direkte frispark til motstanderen når forseelsen er begått innenfor eget straffesparkfelt og ballen er i spill»Trass sterke protestar frå både heimelag og publikum, sto dommaren på sitt. Straffesparket vart sikkert sett i mål til 3-3, og etter det skjedde det ikkje meir av interesse i kampen.

Då dommaren bles av, vart det naturleg nok eindel faglege diskusjonar ute på banen. Dommaren var skråsikker i si sak, og lo vekk dei som tenkte høgt om å sende inn ein protest på det som hadde skjedd. Tonen var imidlertid ikkje ufin, og folk var trass alt godt nøgde med å sjå Fogn på toppen av tabellen, om enn berre for nokre dagar. Om ei veke ventar ein vanskeleg bortekamp mot Stavanger Titan, og då gjeld det å nullstille etter dagens lille nedtur, og "trø til" for tre nye bortepoeng!

Tabellen er lystig lesning for tida..

Tabellen er lystig lesning for tida..

Kampfakta:

Fogns lag: 
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Sigve Bø
Rolf B Østhus
Ivar Opsal
Johannes Hovda jr
Jakob Bø
Lars Olav Bø
Håvard Østhus
Sergejs Kononov
Trond Arne Borgemyr

Innbyttarar:
Jon B Østhus (benytta)
Kristoffer Runestad( benytta)
Harald Østhus (benytta)
Tobias Sunde (benytta)
Ørjan Klev Ladstein

Mål: Håvard (2) og Jakob

Assist: Martin og Trond Arne

Gule kort: Johannes, Sigve, Jon

Rødt kort: Trond Egil