Bondeaksjonen sprer seg til Fogn!

Dei norske bøndene er ikkje nøgde med regjeringa for tida, og protesterer over det ganske land. No viser det seg at aksjonen også har spredt seg til Fogn og Bøsvingen, der førsteklassing Filip og femteklassing Kristian hadde teke oppstilling med kjeledress, traktor og plakat rett etter skulen, 16. mai!

Fogn.org vart tipsa om dette av Morten Sangedal (som har knipsa biletet til venstre), og tok turen opp til gutane for å snakke med dei om kvifor dei aksjonerte.

- Vi har laga denne plakaten med bilete av Erna Solberg, Siv Jensen og Sylvi Listhaug fordi dei ikkje gir oss pengar, forklarar Kristian. - Dei gir oss ikkje nok pengar Kristian, kjem det kjapt frå yngstemann Filip, før Kristian held fram. - Dersom bøndene ikkje får nok pengar, så er det kanskje ikkje fleire bønder på Fogn om nokre år. På spørsmål om kva som då vil skje, kjem det kontant frå Filip: - Då dør me, for ingen kan leva uten mat!

Begge brørne ser for seg å bli bønder når dei vert eldre, men berre dersom det vert "rettare for bøndene" som dei sjølv seier det. Aksjonen vil halda fram utover dagen, heilt til Erna Solberg tek plass på Brann Stadion ikveld, då har vi andre ting å gjere, avsluttar Kristian.