Snøhetta-grill til Skinnvigå?
/I fjor vart stien ned til Skinnvigå rydda, slik at den flotte badeplassen vart meir tilgjengeleg for folk flest. No kan plassen bli ennå flottare, då Gilde vil gi vekk 30 grillar designa av Snøhetta, altså dei som designa Operaen i Oslo. Ein av desse grillane kan hamne i Skinnvigå, dersom vi får nok stemmer til å bli blant dei 100 plassene med flest stemmer. Deretter er det ein jury som vil avgjere kva for nokre av dei 100 plassene som får ein grill kvar. Så her er det altså berre å hiva seg rundt å stemma ved å klikka HER.
Og berre slik at det er sagt: Dette er klarert med grunneigar...
Takk til Arnstein Bøe som tipsa oss om Gilde sin konkurranse!