Nei, dei kjem ikkje...
/I går kunne vi melde om at Ylvis kom for å ha konsert, eller rettare sagt varme opp til konsert i Erås museum til hausten. Dei fleste forsto nok at dette ikkje var tilfelle, sjølv om vi fekk eindel spørsmål om billettar frå både fjernt og nært. Det verka tydeleg at nokre av dei som tok kontakt hadde forstått at dette måtte vere ein aprilsnarr, men det var og dei som brukte kontaktskjemaet på ein såpass "seriøs" måte at ein må rekna med at dei gjekk fem på...
Sjølv om Ylvis ikkje kjem denne gongen, kan vi tilby ein nokså god erstatning til dei som no sit både såra og vonbrotne attende. Det er nemleg to gutar frå Fogn som har spelt inn, og lagt ut, ein song på melodien til Ylvishiten "The Fox". Kristian og Jørgen, som går i 5. og 6. klasse, har gjort dette heilt på eiga hand, noko som må seiast å vera imponerande.