Vel gjennomført KOM-prosjekt av 7. klasse!

KOM 2014.jpg

Torsdag kveld var det premiere på årets KOM-prosjekt i kulturstova. KOM-prosjektet er ein musikal med elevane frå 7. klasse i heile Finnøy kommune. Prosjektet har etterkvart lange tradisjonar, og er ein god arena der elevane får vist seg fram, og bind band til kvarandre uavhengig av kva øy ein kjem frå. 

Årets musikal hadde tittelen "Vinn eller forsvinn" og handla om eit TV-program i "Idol"-stil som kom til Finnøy for å ha audition. Mange prøvde lykka, men kom ikkje vidare i programmet. Ei av dei få som faktisk kom vidare, var Marit, som dei fleste meinte song nokså falskt. Det viste seg at TV-selskapet såg for seg å nytte Marit sine dårlege prestasjonar til å lokke sjåarar til skjermen, for å få meir reklameinntekter. Dette gjorde at venene til Marit måtte stille seg sjølv eindel spørsmål knytta til det etiske perspektivet i situasjonen. Kva er det eigentleg som betyr noko her i livet? Er det greit å vere med i ein slik konkurranse, eller skal ein berre forsvinna? 

I tillegg til premierekvelden, som fylte opp kulturstova til randen, gjennomførte 7. klasse to førestillingar til i løpet av fredagen, då skular og bornehagar i kommunen fekk kome å sjå kva dei hadde fått til. Resultatet var imponerande, særleg når ein tenkjer på at elevane har gjort størstedelen av arbeidet den siste veka, og så må vi ikkje gløyme at det er 12-13-åringar det er snakk om her!

Dei ni sjuendeklassingane frå Fogn deltok i aller høgaste grad til å gjere musikalen så god som den vart! Dei imponerte med skodespelarprestasjonar, songframføringar, pianospel, kulisseproduksjon og fleire andre små og store oppgåver! Fogn.org fekk snakka med fleire av elevane frå Fogn etter at det heile var over, og konklusjonen var einstemmig: Dette var knallkjekt!