Fleire debutantar i A-lagets første treningskamp

Forus og Gausel 2 - Fogn: 6-2 (3-0). At Fogn tapte kampen mot Forus og Gausel tysdag kveld, var ikkje på akkurat noko stor bombe. Fleire av fognaspelarane hadde til gode å spele fotball utandørs i 2014, i tillegg til at fleire av dei nokså faste spelarane hadde meldt forfall til årets første treningskamp. På den gledelege sida var det heile tre debutantar med i troppen, og både Vadim, Tobias og Asbjørn fekk vist at dei kan vera med og bidra til gode opplevingar på og rundt A-laget i sesongen som ligg framfor! Vi fekk ikkje knipsa eit bilete av Asbjørn før han forsvant ut av garderobedøra, men heldigvis poserte Vadim og Tobias villig på ferjeturen heim etter kampen...

Sjølve kampen var eigentleg jamnare enn resultatet, særleg til pause, kunne vitne om. Forus og Gausel var nok hakket betre enn Fogn, men dei skapte ikkje veldig mange sjansar utanom dei som førte til tellande resultat i målprotokollen. I andre omgang skåra Fogn to mål ved spissane Trond Arne og Håvard, men diverre netta heimelaget dobbelt så mange gonger, slik at sluttresultatet vart nokså klare 6-2. 

Dei siste åra har det ikkje vorte mange treningskampar for Fogn sin del. Difor var spelarane godt nøgde berre med å ha gjennomført tysdagens kamp, i tillegg til at ny kamp (mot Buøy 2) går av stabelen 18. mars. Når ein i også høyrer rykter om at nokså store stjerner vurderer å signere for Fogn IL i næraste framtid, kan ein ikkje vere anna enn optimistisk inn mot seriestarten mot Finnøy i slutten av april.

PS! Evigunge Kristoffer Runestad gjorde comeback i denne kampen, etter å ha vore utlånt til diverse klubbar i og rundt hovudstaden dei siste åra. Det vart eit gledeleg gjensyn med lynvingen, som ikkje ser ut til å ha teke nemneverdig skade av utlånsoppholdet.

 

Fogns lag: 

Trond Egil, Harald, Ivar, Vadim, Martin, Lars Olav, Jakob, Håvard, Ørjan, Sergej, Trond Arne

Benytta reservar: Asbjørn, Kristoffer, Rolf, Tobias