Best uten ball

Fogn IL4.jpg

A-laget til Fogn IL er klar for ein ny sesong i 7. divisjon, etter at laget rykka ned dit for to sesongar sidan. Å seie at laget er hardtsatsande vil nok vere å ta litt voldsomt i, dei har ikkje hatt ei einaste fotballtrening ute etter jul. Derimot er det ein gjeng som samlar seg for å trene inne i gymsalen på oppvekstsenteret to gonger i veka, og vi har fått ein liten stemningsrapport frå treninga som var tirsdag denne veka.
Heile 10 spelerar møtte opp til trening, noko som er mange fleire enn dei 6-7 som plar vera fast inventar. "Det er framleis slik at mange av spelarane våre kjem frå Fogn, men bur i Stavanger, så vi er ikkje så mange på trening", fortel spelande trenar Jakob Bø. Men sjølv om dei ikkje er mange, er det nokså høg intensitet på treninga, og ein kan tydeleg sjå at fleire av spelarane har opparbeida seg ein aldri så liten dose kondisjon gjennom vinteren. Dette gjeld ikkje minst duoen Trond Arne Borgemyr og Pål Rune Grønås, som har fått tilsendt skreddarsydd treningsprogram frå ein annan A-lagsveteran, Ole Jakob Kjølvik. "Det er i grunnen ganske mange som trener med tanke på ski, sykkel og maraton, og vi håper jo at dette kan slå positivt ut på fotballbanen også" seier ein optimistisk Jakob Bø i garderobenpraten etter treninga, der stemninga som vanleg er god. "Hovedgrunnen til at eg er med på A-laget, er at kampane våre hamnar midt i leggetida til ungane, så då slepp eg å ta meg av dette dei kveldane" seier Pål Rune kjekt, utan å tenke på at kommentaren kjem på trykk i hovudstadspressa på Finnøy, og på Fogn.org.
Når trenaren får spørsmål om kva tankar dei har for sesongen som ligg føre, må Jakob tenke seg om, før han svarer: "Vi er eigentleg ikkje så opptekne av kor mange poeng vi tek, men kven vi tek dei mot...". Så får heller lesarane tolke den kommentaren som dei vil. Det som i alle fall er sikkert er at Fogn møter Finnøy på bortebane i første seriekamp for sesongen. Ein tøff start for laget som sannsynlegvis ikkje har klart å tromma saman ein einaste treningskamp før seriestarten kjem brått på i april. Så får vi sjå om kondisjonstrening gjer at heile laget berre er "best uten ball", eller om dei faktisk klarer å få kula i nettet mot det som ein gong var storebror, Finnøy.

(Denne saka sto på trykk i Øyposten, fredag 14. februar 2014. Tekst og foto: Håvard Østhus)