Pumpene er opna!

Laurdag 13. desember var det endeleg klart for opningsfest for det nye drivstoffanlegget på butikken. Etter godt over eit år utan tilgong til drivstoff, kunne varaordførar Jon Olav Runestad få skjæra av bandet og erklæra pumpene for opna! Varaordføraren var strengt tatt ordførar i dag, i og med at ordførar Gro Skartveit var på reis utafor kommunen, så ein kan gjerne seie at det var ekstra storfint besøk som kom og sto for den offisielle opninga... 

Men Fogn Handel hadde meir enn berre snorklipping på programmet i dag. Her var det gratis kake, kaffi, vafler, pølser og saft, i tillegg til spylervæske til alle som fylte drivstoff. Det var konkurranse i "presisjonspåfylling" og "spylervæskehalding" i beste Farmen-stil. På toppen av det heile hadde Fogn Handel bestemt eit "magisk tal" knytta til salet av drivstoff mellom klokka 11.00 og 15.00. Den som tanka på bilen sin då drivstoffsalet runda dette talet i antall liter, skulle få gratis tank. Den heldige vinnaren her vart Lasse Hovda, som tanka då det magiske talet 1000 liter vart runda. Pål Rune Grønås i Fogn Handel melder om at Lasse difor fekk refundert kostnadane sine på 496,50 kroner. Grønås melder elles om at totalsalet i løpet av timane mellom 11.00 og 15.00 var på imponerande 1400 liter. Når ein veit at det rann såpass mange "edle dropar", som varaordføraren kalla det, denne dagen, så harmonerer det nokså godt med dei til tider lange bilkøane de kan sjå i biletserien under. I serien får de også sjå litt av stemningen rundt opninga, og at det var veldig varierande vèr denne dagen...