No skal ungdomen saga!
/På laurdag arrangerte Halvard og Gerd Johanne Bøe frå Fogn Bondelag eit motorsagkurs på Fogn. Instruktør var Tårn Sigve Schmidt, som har vore her og hatt kurs tidlegare. Tårn Sigve kunne fortelje at Fogn er den plassen (i landet?) som har flest personar med motorsagkurs i forhold til innbyggartal.
På dette kurset deltok Andreas H Bøe, Tobias Sunde, Celine Aske, Morten Haugstad, Halvard Bøe og Kristian Sunde. Alle var ivrige og instruktøren var godt nøgd med heile gjengen. At dette "ikkje er tull eingong" vert tydeleg gjennom at alle deltakarane har fått kursbevis på handtering og bruk av motorsag.
Under er fleire bilete frå kurset. Tusen takk til Arnstein Bøe for tips, tekst og foto til denne saka!