Sjeldan konsertoppleving i kyrkja!

Adventstida på Fogn fekk eit skikkeleg "kick off" då Hans Inge Fagervik med musikarar hadde førjulskonsert i kyrkja måndag 1. desember. Over 100 frammøtte, fin lyd- og lyssetting og ein mørk og klår kveld var med og lage ei flott ramme rundt det som vart ein minnerik kveld! 

Hans Inge Fagervik hadde med seg dei dyktige musikarane Trygve Hellesen og Rasmus Solem som spelte på 7-8 ulike instrumenter i løpet av kvelden. Men her var også lokal hjelp å få. Barnekoret TøfFOGNådig song flott med på tre songar, og Kjersti Sandanger framførte ein vakker song, akkompagnert av dei tre musikalske mennene. 

Stemningen var god konserten gjennom, som varte i omlag halvannan time. Det gjekk frå latter etter lun humor til tørking av tårer etter gripande historier frå Fagervik sine opplevingar knytta til ulike personar i rusmiljøet. Men mest av alt var dette ein førjulskonsert, med ulike julesongar av Fagervik sjølv. Det heile vart avrunda med fellessongen "Deilig er jorden", og då, ja då trur eg eit nokså kraftig snev av julestemning var å finne i mange av tilhøyrarane, som kunne gå fornøgde ned til kyrkjekaffi før folk gjekk kvar til sitt!

Under er eindel bilete og ein liten videosnutt frå den flotte kvelden!