Sjå og bli sett!

Skulevegen vår er ikkje tilrettelagt for fotgjengarar eller syklistar. Det er og ganske mykje trafikk i tida rundt skulestart. Nokre byrjar på arbeid i denne tida, det er ferjeanløp, og skulestarten i seg sjølv skapar ein del trafikk. Me kontakta for ei tid tilbake lensmannen i Finnøy for å få til ein refleksdag med deltaking frå politiet. Politiet kunne opplysa om at dette har ein stort sett slutta med pga. at ein ser liten effekt. Det som derimot viser seg å ha større effekt er påminning og holdningskapande arbeid retta mot foreldra og andre som ferdast langs skulevegen. Når me nå går inn i dei mørkaste månadane i året vil FAU ved Fogn oppvekstsenter, etter anbefaling frå politiet, koma med følgjande oppmoding:

Til foreldra: Born som går eller syklar til skulen om morgonen bør absolutt bruka refleksvest! Refleksband eller små runde refleksar er bra, men aller best er å bruka refleksvest. Dersom sekken skjuler deler av refleksvesten, kan det vere ein idè å hengje ein refleks på sjølve ryggsekken.

Til foreldre og andre som ferdast i bil: Køyr varsamt! Vegtrafikklova er særs klar på dette punkt: "Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade". Me skal altså køyre slik at det ikkje eingong kan oppstå fare! Som bilistar har me eit stort ansvar her. Ellers er det sjølvsagt viktig at me vaksne går føre som gode rollemodellar når det gjeld bruk av refleks. Lys opp haustmørkret, og ikkje minst køyr varsamt!

FAU ved Fogn oppvekstsenter.