Mobilrevolusjon på Fogn!

Har du høyrt om 4G? Det står for 4. generasjons mobilnett, og er eit reint datanett. Det betyr at det ikkje nødvendigvis gjer det betre å ringe, men det gjer at alt som går på datamengde, som t.d. Facebook og Youtube går mykje fortare. Her på Fogn har vi no "plutseleg" fått 4G dekning over store deler av øya, etter at Netcom har vore og utført arbeid i deira "antenne" på Domfjellet. Dette gjer at dei som har ein telefon som støttar 4G (t.d. iPhone 5s, iPhone 6 og Samsung Galaxy s5) og har Netcom dekning (t.d. via eit Chess- eller Netcomabbonement), no kan få raskare internett ute i det fri enn når dei sit på internettet sitt heime. No kan ein t.d. ta ein videosamtale og dele den flotte utsikten sin frå Ørnakula, utan at biletet "hakkar" og kvaliteten vert "grøtete". Ein får igrunnen tilgong til internett over alt, med dei moglegheiter og utfordringar det fører med seg. 

Fogn.org kontakta Netcom, som kunne bekrefte at dei hadde oppgradert til 4G-nett i Finnøy kommune i det siste. Dette gjaldt områda Fogn og Vignes (på øya Finnøy), så det er ikkje heile kommunen som enn så lenge får nyte godt av oppgraderinga. Netcom la også ved dette biletet som syner korleis 4G-dekninga i kommunen er. Dess mørkare rosa farge, dess betre dekning er det.

Vi har kjørt ein runde langs hovudvegen på Fogn, og målt kva hastigheit vi får i 4G-nettet ulike stader. No skal det nemnast at ulike forhold kan gjere at hastigheita varierer, men det er uansett skjedd ein aldri så liten mobilrevolusjon på Fogn. Målingane er utført 15. november, og både hastigheit ned (det som gjer at du. t.d. kan sjå på nett-tv) og opp (det som gjer at du kan senda t.d. mail med store bilete) er målt. Til samanlikning kan det nemnast at ei "vanleg" internettlinje i ein typisk husstand på Fogn gjerne er ca. 10 MB ned og 1 MB opp. 4G-målingane er under:

I Sæbøvåg: 13.48 Mbps ned, 4.02 Mbps opp

Ved kyrkja: 34.62 Mpbs ned, 11.50 Mpbs opp

Ved butikken: 9.04 Mpbs ned, 1.81 Mpbs opp

Ved ferjekaien: 1.55 Mpbs ned, 0.03 Mpbs opp

Ved Eidekrysset: 9.81 Mpbs ned, 1.55 Mpbs opp

På Runestad: 40.00 Mpbs ned, 19.47 Mpbs opp

På Høgaste: 10.49 Mpbs ned, 17.31 Mpbs opp

I Sørvåg: 39.15 Mpbs ned, 20.29 Mpbs opp

På Selvåg: 37.21 Mpbs ned, 13.53 Mpbs opp

Så får vi sjå kor lang tid det går før Telenor kjem etter med lynrask data til sitt mobilnett på Fogn!

(For ordens skuld, Fogn.org har ikkje fått nokon form for sponsing av Netcom for å skrive denne saka. Det har seg berre slik at Netcom er den einaste leverandøren som har tilbud om 4G på Fogn per dags dato.)