Juleverkstaden opnar no!
/November er over oss, og då må det vera lov å byrja å tenkja litt på jula som nærmar seg. Vi veit at gåver har blitt ei sentral del av julefeiringa, og kva skal ein igrunnen gi til den som har alt? Dette kan Thor Jansen hjelpa deg med! Thor har nemleg open juleverkstad i heile november og halve desember. Alle som vil kan koma til taubinderiet hans, få hjelp til å laga originale gåver, og så treng dei kun å betale for det tauet dei bruker. Thor har mange idear til ting som kan lagast, og med så mange års erfaring har han også ein heil del å læra vekk.
Det er ein fordel om folk som vil nytte seg av juleverkstaden ringer Thor på førehand, for å avtala tidspunkt. Hans telefonnummer er 92 41 98 70.
Så kan vi kanskje håpe at nokon tek bilete av dei ferdige resultata og sender til Fogn.org? Vi treng sjølvsagt ikkje avsløre kven som har laga, eller kven som skal få gåva...