Flott U-landsaksjon!
/Torsdag 23. oktober utgjorde barnehageborna og elevane ved Fogn oppvekstsenter ein forskjell for mange born i det asiatiske landet Laos. Då gjennomførte dei nemleg årets U-landsaksjon, og samla inn nesten 17 000 kroner som skal gå med til at born i Laos skal få gå på skule og få undervisning på deira eige språk!
Pengane kom inn på mange måtar, her er det berre å nemna i fleng:
- Sal av middag, pølser, kake, lappar, kaffi og saft
- Fiskedam
- Sal av sjølvlagte ting
- Sal av "Hei Verden"-produkter
- Loppemarknad
- Loddsal
- Hud og Hårpleie
- Fotoshoot
- Wii-dans
- Frisbeekast
Godt med folk møtte opp og la som nemnt igjen nesten 17 000 kroner som organisasjonen "Hei Verden" vil bruka på ein god måte blant borna i Laos.
Under er ein serie med bilete frå aksjonen: