Noko til kalenderen?
/Sjølve hjartet på Fogn.org, kalenderen vår, treng ofte ein real oppdatering i starten av januar. Dette handlar gjerne om at lag og organisasjonar lagar halvårige arrangementsplanar, som skal rullerast ved nyttår. Fogn.org har mottatt ein heil del aktivitetsplanar frå div. lag og foreningar, men ynskjer som kjent å ha ei tilnærma komplett oversikt over dei opne arrangementa som vert gjennomførte her på øya vår. Dette handlar mest om at det er praktisk å ha ei slik oversikt for dei som bur og ferierer her, men det er òg eit poeng å vise omverda at vi er eit levande samfunn! Grendalaget sin visjon er som kjent "400+", der talet står for antall personar som bur på Fogn. Når folk vurderer å flytte til ein ny plass, er det nokså sannsynleg at dei "Googlar" dei aktuelle stadene. Då er det kjekt om dei som hamnar på Fogn.org får sjå at det ikkje manglar på tilbod om dei vil flytte hit til oss!
Vi set difor stor pris på om de melder inn arrangement/aktivitetar til Fogn.org. Dette kan gjerast ved å klikke på "Kalender" eller "Kontakt oss" i toppmenyen, via mail til fogngrendalag@gmail.com, på telefon til Håvard på 93 44 59 13, eller via ein god gammaldags lapp i postkassa til same person.
Takk til alle frivillige som gjer ein kjempeinnsats for samfunnet vårt!