Kva er nytt?

Det har gått nesten fire år sidan Fogn.org vart lansert, 17. mars 2010. Sidan den gongen har sida sett meir eller mindre heilt lik ut, og det er på høg tid med ei oppdatering. Nokre av dei viktigaste endringane kan du lesa om under.

Betre støtte for smarttelefon og nettbrett
I mars 2010 var det ingen som hadde nettbrett, fordi Apple sin iPad ikkje var lansert enno...  I dag kjem omlag 50% av besøka til Fogn.org frå smarttelefonar og nettbrett, og det er viktig at desse får same funksjonalitet som besøkjande frå PC. Den nye sida er dynamisk og endrer storleik på bilete, tekst og layout, alt etter kor stor skjerm du besøkjer oss på. I tillegg skal alle no kunne sjå seriar med bilete som vert lagt ut, noko som ikkje var tilfelle med den gamle løysinga.

Kommentarar
For snart to år sidan prøvde vi oss med kommentarfunksjon under sakene på gamle Fogn.org. Denne funksjonen vart brukt av fleire, men på grunn av tekniske utfordringar på den gamle sida forsvant denne moglegheiten nokså fort. No er det igjen mogleg å kommentera dei ulike sakene som vert lagt ut. Dei som ynskjer å nytte seg av dette kan logge inn med Facebook, Twitter eller Googlekontoen sin når dei legg inn kommentar. Om du ikkje nytter nokon av dei tre alternativa, kan du registrera deg som brukar av kommentarfeltet ved å klikka alternativet "Squarespace" når du vil legga inn kommentaren din. Alle kommentarar vert godkjent av moderator før dei vert publiserte på Fogn.org. Det tek normalt ikkje meir enn ein time frå ein kommentar er lagt inn, før den er gjort offentleg på sida vår. Resten av reglane for kommentarar kan du lese ved å klikke HER.
Om du ynskjer å få beskjed om nye kommentarar under ein eller fleire saker, kan du klikke på "subscribe via e-mail" etter at du har klikka på "comment".

Deling på Facebook og Twitter
Nye Fogn.org har utvida støtte for sosiale medier. På alle nye innlegg finn du ein knapp det står "share" på, noko som gjer at du lett kan "lika" innlegget på Facebook og Twitter.

Instagram og Twitter på framsida
Nede på den nye startsida ligg det to nye felt, merka med "Fogn.org på Instagram" og "Fogn.org på Twitter". Her kjem dei siste innlegga til Fogn.org på desse to sosiale mediene automatisk opp. Dette er ein kjapp og enkel måte å få ut informasjon og enkle bilete på. Har du eit bilete som burde vore lagt ut på Instagramkontoen vår, er det berre å merke det med @fognorg, så vil biletet kunna bli publisert i løpet av kun kort tid.

Lamma frå den gamle sida har no blitt bytta ut

Lamma frå den gamle sida har no blitt bytta ut

 

Kosmetiske endringar
Dei gamle lamma har mista plassen sin til fordel for ein nye heading som syner dei fire årstidene på Fogn. I tillegg ligg menyen no vassrett under headingen, i staden for i ei liste til venstre på sida, slik det var før. Det er i tillegg fleire små endringar reint utsjånadsmessig, som til dømes nye bilete til lenker med oppdatert ruteinformasjon, lenke for vèrmelding ++.

Meld inn arrangement frå kalendersida
Hjartet i Fogn.org er kalenderen. Denne har ein sentral plass òg på den nye sida, og ei liste over komande arrangement ligg på framsida. I tillegg kan du klikke på menyvalet "Kalender" for å få opp enno fleire arrangement. På botnen av denne sida, er det lagt inn eit skjema der folk kan melde frå om arrangement som skal inn på kalenderen. Før måtte folk nytte menyvalet "kontakt oss" for dette.

 

Dette var ei oversikt over dei største endringane på nye Fogn.org. Vi set stor pris på tilbakemelding, tips og råd frå brukarane våre! Dette kan skrivast inn som kommentarar under denne saka, eller meldast via menyvalet "kontakt oss".