Velkommen til kyrkjebasar på lørdag!
/På lørdag 1. november er det igjen tid for årets kyrkjebasar. I tillegg til infoen på plakaten under, kan det nemnast at det vert loddsal ved butikken lørdag frå kl. 10-12.
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
På lørdag 1. november er det igjen tid for årets kyrkjebasar. I tillegg til infoen på plakaten under, kan det nemnast at det vert loddsal ved butikken lørdag frå kl. 10-12.
Solidaritetsaksjonen på Fogn skule er eit positivt tilbod på alle vis!
Det vert samla inn pengar til eit godt formål
Elevane får ein “annleis skuledag” med nye oppgåver
Folk på Fogn får moglegheit til ein særs sosial lunsj, med tilhøyrande handlerunde og aktivitetstilbod, på ein heil vanleg kvardag :)
Sjå informasjon frå skulen under:
“Symaskin i kyrkja” har vore eit populært tilbod etter at det starta som ei “prøveordning” for ei tid tilbake. No er det bestemt at dei held fram under nytt namn!
‘Ta vare på ‘ er eit viktig begrep i tida. -Ta vare på kvarandre, ta vare på miljøet, ta vare på det me har, få ting til å vara lenger.
Derfor held me fram med prosjektet vårt i kyrkjekjellaren.
Du kan ta vare på mykje dersom du har èin symaskin.
-Har du klær eller andre ting som treng nytt liv eller litt oppstasing?
-Det som er ødelagt fikse me.
-Det hender og at me har liggjande ting me har begynt på og som aldri blei ferdige, -kanskje tida er kommen for å ta det fram igjen?
-Dersom du vil ha hjelp til litt kreative løysingar,- så tenkjer me saman og får til det og.
Det er alltid kjekkare og meir inspirerande å gjera ting saman.
— Me treffest i kyrkjekjellaren annankvar torsdag mellom kl.18.00 og 20.00. Me tar oss alltid tid til èin kaffikopp og litt drøs.
Velkommen.
Arr. Helselaget, husflidslaget og kyrkja
Ryfylke Tomat inviterer til Haustfest! Sjå informasjon om både fest og påmelding på plakaten under!
Kolumbus melder om at det vert fleire endringar i hurtigbåtrutene, som trer i kraft frå og med måndag 13. oktober. I skrivande stund ligg det ikkje oppdaterte ruter på Kolumbus sine nettsider, men desse er truleg retta når nye ruter trer i kraft. Det kan nemnast at Reiseplanleggaren er oppdatert. Elles er endringane lista opp under:
Fogn kyrkje vil informere om ein kulturkveld, som skal vere på tysdag 14. oktober kl. 19.30:
Finn Folke Thorp har bakgrunn som forfatter av TV-drama og underholdning og har i flere år hatt ansvar for kommunikasjon for kirken i Oslo. Sigurd Engesnes er utdannet dirigent og pianist fra Norges Musikkhøgskole, og dirigerer flere kor, blant dem Sangselskabet Guldbergs akademiske kor. De siste årene har de to samarbeidet om å lage nye salmer og viser for vår tid.
Powered by Squarespace