Sy med oss / Tavarepå

“Symaskin i kyrkja” har vore eit populært tilbod etter at det starta som ei “prøveordning” for ei tid tilbake. No er det bestemt at dei held fram under nytt namn!

‘Ta vare på ‘ er eit viktig begrep i tida. -Ta vare på kvarandre, ta vare på miljøet, ta vare på det me har, få ting til å vara lenger.
Derfor held me fram med prosjektet vårt i kyrkjekjellaren.
Du kan ta vare på mykje dersom du har èin symaskin.

-Har du klær eller andre ting som treng nytt liv eller litt oppstasing?
-Det som er ødelagt fikse me.
-Det hender og at me har liggjande ting me har begynt på og som aldri blei ferdige, -kanskje tida er kommen for å ta det fram igjen?
-Dersom du vil ha hjelp til litt kreative løysingar,- så tenkjer me saman og får til det og.

Det er alltid kjekkare og meir inspirerande å gjera ting saman. 

— Me treffest i kyrkjekjellaren annankvar torsdag mellom kl.18.00 og 20.00. Me tar oss alltid tid til èin kaffikopp og litt drøs.

Velkommen.

Arr. Helselaget, husflidslaget og kyrkja