Storfint besøk på bedehuset

Bandet “Tidløs” kjem til Fogn for å ha konsert på Fogn Bedehus, laurdag 6. september klokka 19.30. Tidspunktet passar godt med ferjerutene frå og til Judaberg (ferje til Fogn kl. 19.05, ferje frå Fogn kl. 21.20).

På denne lenka kan ein sjå glimt frå ein annan konsert med bandet, som har Martin Wikstøl (kjent frå “The Voice”) som frontfigur.

Det er begrensa med plassar, så det kan vere lurt å bestille billett til konserten på førehand, ved å klikka her.