Nye hurtigbåt- og bussruter i det nye året

Mange på Fogn nyttar seg av hurtigtilbodet for å koma seg til og frå øya. Frå og med 1. januar 2025 vart det fleire endringar i hurtigbåtrutene, som ein bør gjera seg kjent med. Sjølve rutene kan ein sjå her, eller så kan ein nytta Kolumbus sin reiseplanleggar, som også er oppdatert med nye ruter.

NB! Nye hurtigbåtruter fører også til endringar i busstilbodet på Fogn om morgonane. Sjå oppdaterte ruter på Rørheims Bilruter sine nettsider.

Vil du vere med og hjelpe?

Mange finn kvart år vegen til dagsturhytta Ørnareiret på Fogn! Det er ingen grunn til å tru at det vert færre besøkande i 2025 - Friluftslivets år!

Alle har eit felles ansvar for å halde hytta rein og ryddig, men nokon har også sagt seg villige til å ha eit ekstra “vaktmeisteransvar”. Alle vekene i året blir fordelt på dei som er med på dette, slik at ein har ansvar for tilsyn/reinhald 2-3 veker i året, noko som i praksis betyr:

Følgende skal gjøres ukentlig:
- Holde hytta og toalett med omkringliggende areal ryddig
- Kontrollere og holde oppsyn med solcelleinstallasjoner, aggregat og vedovn
- Tilsyn med informasjonsplakater til brukerne av hytta, samt evt. forbudsskilt
- Se til og holde orden i biblioteket i hytta
- Vask av toalett
- Fylle på toalettpapir og sanitærbank
- Se over hytta og toalettet, og evt. installasjoner, ute og inne, og rapportere inn feil og mangler
- Se til hyttebok

Ansvarslista skal oppdaterast tidleg i 2025, og om nokon vil bli med (evt. melde seg av) og ha dette ansvaret, må dei gi beskjed til Håvard Østhus (melding til 93445913 eller på messenger) innan søndag 26. januar.

Siste sjans til å bidra i spleisen!

Trond Egil Sivertsen byrjar å bli beinklar for å kjøpa inn fyrverkeri til dei to felles oppskytingane på Fogn stadion nyttårsaftan! Spleisen der han har samla inn pengar til flotte rakettar har til no fått inn 16 600 kroner, altså 66% av målet på 25 000 kroner.

Trond Egil melder om at vèrmeldingane i år ser betre ut enn kva tilfellet har vore dei siste åra, og minner om at å feire nyttår i lag på denne måten skaper gode minner! Difor oppfordrar han til å bli med og støtta spleisen, og å gjera det fort, for no skal han snart til byen og handla inn! Også i år blir det oppskyting både kl. 19.00 og ved midnatt, begge gonger frå fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter.

Klikk her for å sjå korleis det går med spleisen, og støtta denne!

Det skjer på Fogn i jula!

Søndag 22. desember kl. 11.00 på bedehuset
Søndagsmøte med tale av Jon Olav Østhus
”Kyrkjekaffi” i kjellaren etterpå

Lille julaften kl. 23.00 i kyrkjekjellaren
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Twist, kaffi, klementiner og god stemning!

Julaften kl. 15.00 i Fogn kyrkje
Gudsteneste ved Ola Aasland Vold
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp

Første juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte med tale av Christoffer Inge Hovda
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus

Andre juledag kl. 12.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Terje Engstrøm
Sang ved Kjell Emil Berge
Nattverd
Takkoffer til Misjonsprosjektet

Tredje juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Marita Vold, i tillegg til song, mat, juletregang, klementiner og godteposar.
Gratis entrè

Lørdag 28. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL arrangerer romjulscup i volleyball i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jørgen Bø 471 72 804 på eller til Heidi Bøe Sangedal på 470 10 909.
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.

Nyttårsaften kl. 19.00 og 24.00 på fotballbanen
Felles fyrverkeri ved primus motor Trond Egil Sivertsen.
Bli gjerne med og støtt spleisen til fyrverkeriet her!

Onsdag 1. januar kl. 14.00 på dagsturhytta
Fogn IL serverer gløgg på Ørnakula, ved dagsturhytta. Dette er “den nye vrien” på romjulsmarsjen, der folk kan ta den ruta opp til toppen som passar best for dei, og så samlast alle til gløgg ved dagsturhytta!

NB! I og med at Joker Fogn har blitt delvis sjølvbetent i løpet av det siste året, har ein tilgang til å kjøpa varer i butikken frå kl. 07.00-23.00 kvar dag gjennom heile jula!