Siste sjans til å bidra i spleisen!
/Trond Egil Sivertsen byrjar å bli beinklar for å kjøpa inn fyrverkeri til dei to felles oppskytingane på Fogn stadion nyttårsaftan! Spleisen der han har samla inn pengar til flotte rakettar har til no fått inn 16 600 kroner, altså 66% av målet på 25 000 kroner.
Trond Egil melder om at vèrmeldingane i år ser betre ut enn kva tilfellet har vore dei siste åra, og minner om at å feire nyttår i lag på denne måten skaper gode minner! Difor oppfordrar han til å bli med og støtta spleisen, og å gjera det fort, for no skal han snart til byen og handla inn! Også i år blir det oppskyting både kl. 19.00 og ved midnatt, begge gonger frå fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter.
Klikk her for å sjå korleis det går med spleisen, og støtta denne!