Bondelaget inviterer alle

Fogn Bondelag har jamnleg møter som samler bønder frå Fogn. Men no er dei klare til å invitera alle til eit arrangement som fleire gjerne kan sjå på som nyttig:

Torsdag 14. november kl. 19.30 får Fogn Bondelag besøk av Vierdal Advokatfirma. Dei skal snakka om regler rundt gjerdeplikt (gard, hus, hytter osv) og generasjonsskifte/odel. Det vert høve til å stilla spørsmål under møtet.

Alle er velkomne til samlinga, som altså er på torsdag 14. november kl. 19.30 på garasjeloftet til Kristoffer og Kathrine.

Besto syng - konsert i Fogn kyrkje

Fredag 22. november kl 18 vert det konsert i kyrkja på Fogn. Solveig Sørheim Eikanes, syster av Sondre dyrlege, syng og spelar trøorgel. Med seg har ho mann og spelemann Ingemund Eikanes, samt Steinar Aalvik, frittalande slektning med nase for humor. Konserten er i hovudsak bygd på songar Solveig lærte av besto si, Solveig Trå, derav navnet på konserten. Songar som besto vaks opp med på Haukogarden på Neteland i Steinsdalen. Ei og anna religiøs folketone frå Etne vert det også. 

Kort om artistane: 

Solveig Sørheim Eikanes.
Har ei over snittet interesse for trøorgel, og som konsekvens har ho også over snittet mange av dei. Ho er utdanna i komposisjon og kyrkjemusikk ved Griegakademiet i Bergen. Har i mange år vore organist i kyrkjene i Etne, men er i dag frilansar med kunstnarstipend. Ho har gitt ut boka «Di gamle songadne» om folk og musikktradisjonar i Etne. 

Ingemund Eikanes. 
Økofilosofisk jorddyrkar og god på norskopplæring av framandspråklege. Han spelar banjo i Bergen Mandolinband, og i Lady Hardanger. Er også å sjå i contrybandet Makalaust frå tid til anna. I denne konserten trakterar han i tillegg til banjo, klarinett, munnspel, gitar og fiolin. Han kan og til tider bryta ut i song. 

Steinar Aalvik.
Elles medverkar Steinar Aalvik. Småskala mjølkeprodusent frå Etne, men har morsfolket sitt frå Haokogarden, slik som «besto». Han er skribent og forteljar på hobbybasis. Under konserten kjem han med ujamne mellomrom til å reisa seg opp og seia slikt som gjer at folk lite vil vita kva dei skal tru.

Bli med og spel sjakk!

Liker du å spele sjakk? Er du god i sjakk? Eller kan du ikkje spela sjakk i det heile? Uansett kan Fogn IL sitt nye tilbod passa for deg!

Onsdag 23. oktober kl. 18.00-19.30 blir første samling med sjakkspeling arrangert i foajeen på Fogn oppvekstsenter. Dette er for alle, både vaksne og barn frå og med 5. klasse. Tilbodet vil fortsetje annakvar onsdag framover.

NB! I tillegg til sjakk annakvar onsdag, har Fogn IL også starta opp med volleyball annakvar tysdag denne hausten.

Velkommen til både sjakkspeling, volleyball og andre tilbod frå Fogn IL!