To turstidugnadar i veke 26
/Sjølv om sommaren er her, vert det arrangert dugnadar på både den nye steintrappa opp frå kaien, og ein meir “generell” turstidugnad denne veka!
Måndag 24. juni kl. 17.00-20.00
Dugnad på steintrappa opp frå kaien. Trappa tel i skrivande stund 31 trinn, men ein har altså håp om å få på plass nokre fleire før ferien. Møt opp på kaien, og ha gjerne med spade, krafse og/eller spett.
Onsdag 26. juni kl. 10.00-13.00
Ein generell dugnad for å klargjera turstiane på Fogn før “sommarrushet” set inn. Ta gjerne med greinsaks e.l. reiskaper. Alle som vil bli med kan møta opp på butikken, og så fordeler ein områder ut frå kor mange som kjem for å delta.
Fogn grendalag er arrangør av begge dugnadane.