Joker Fogn med oppdatering

Pål rune grønås peika, både bokstavleg og i overført betydning, på kva som er viktig dersom det også skal vere ein butikk på Fogn i framtida.

Joker Fogn gjekk mot slutten av februar ut med informasjon om underskudd i 2023, og eit ynskje om høgare lojalitet frå kundegruppa. Dei delte også ei spørjeundersøking der folk kunne kome med tilbakemeldingar og meiningar om både utval, pris, service og anna på butikken.

Pål Rune Grønås er ein av butikkeigarane, og han var invitert til årsmøtet i Fogn Grendalag, for å seie litt om korleis ting såg ut no, nokre veker etter undersøkinga. Grønås kunne fortelje at over 160 personar hadde svart på undersøkinga, og det var mykje skryt knytta til service frå personalet og at butikken var både rein og ryddig. Fleire klaga på høge prisar, men her er det rett og slett slik at Joker Fogn har same prisar som resten av Jokerbutikkane i Noreg. Med relativt lav omsetning er det ikkje aktuelt å kunne bli t.d. Kiwi-butikk, og ein må difor ta inn meir forteneste per vare ein sel, for at det skal vere drivverdig.

Kundelojaliteten i butikken burde vore opp mot 85%, men utrekningar frå Norgesgruppen viser at denne ligg på omlag 57% på Fogn. Potensialet for forbetring er med andre ord tilstades. Eit grep for å sikre dette, kan vere å utvide opningstidene ved å innføre sjølvbetent butikk tidleg om morgonen og utover kvelden.

Det vart også litt snakk om tilbodsvarer, som Joker Fogn ofte sel med tap. Det er flott at folk kjøper desse varene, og så er håpet at dei også skal kjøpe varer til ordinær pris, når dei først er innom butikken. Grønås understreka også at det er flott når folk kjøper varer som er nedsett i pris pga utløpsdato, då butikken slepp å kasta varene, og får heller inn nokre kroner her.

Til slutt takka Grønås hjerteleg for engasjement og tilbakemeldingar, både positive og negative. Butikken er supermotivert til å “snu skuta”, og har alt merka auka bevisstheit blant kundane og at handelen har teke seg opp etter undersøkinga.

Det finnest ulike appar som kan nyttast når ein skal handla på Joker Fogn:

Joker Handleapp - Trumfkort, Trumfsaldo, kupongar, tilbod mm, alt i ein app!

Throw No More - Oversikt over varer som er nedprisa sidan dei er i ferd med å gå ut på dato. Varebeholdninga blir oppdatert etterkvart som varene blir solgt, så her har du god oversikt!

Too Good To Go - Moglegheit til å gjere eit skikkeleg kupp mot slutten av dagen, ved å kjøpe ein overaskelsespose med ulike varer som ikkje bør liggja for lenge i butikken, t.d. bakevarer eller frukt og grønt.

Stort engasjement og leiarskifte

I overkant av 30 engasjerte medlemmer møtte opp til Fogn Grendalag sitt årsmøte. På sakskartet sto vanlege årsmøtesaker, der særleg dei ulike temasakene mot slutten av møtet fekk medlemmane i tale. Det var også val av nytt styre, der Wictor Juul vart valgt til leiar, og overtek med det etter Ole Klingsheim som gir seg etter fleire år i “sjefsstolen”.

Heile referatet frå møtet kan ein lese ved å klikke her. Ein kan også lese årsmelding og rekneskap.

Wictor juul, som var den første grendalagsleiaren på fogn, er no tilbake “ved roret”

Jon Olav runestad takka av Ole klingsheim som avtroppande grendalagsleiar.

Endring i rutetid laurdag morgon

Etter godt tips frå Øyvind Sandanger, deler vi denne slik at folk slepp å stå på kaien og sjå etter båten som alt har gått frå dei:

Det har skjedd ei lita endring i hurtigbåtrutene, laurdag morgon. Båten går no klokka 08.00 frå Stavanger, og er på Fogn kl. 08.40. Denne går då vidare til Judaberg. Motsatt veg går den no klokka 09.30 frå Fogn til Stavanger.

Årsmøte i Fogn IL

Fogn idrettslag inviterer til årsmøte fredag 8. mars kl. 18.00 på Fogn oppvekstsenter.

Det vert matservering, vanlege årsmøtesaker, årsmelding, rekneskap og ymse, i tillegg til ei sak der ein skal diskutere framtidige løysingar for ballbingen.

Dersom nokon har saker som bør diskuterast kan desse sendast til styret i forkant, ta i så fall kontakt med styreleiar Rasmus Bø på 93445944.

Velkommen!