Årebasar på Erås

DSC_0250.JPG

Laurdag ettermiddag var det årebasar på Erås. I loven til Erås museum var det så godt som stinn brakke. Basaren vart innleia av Erik Rørtveit, som fortalde om prosjektet i Colombia. Han fortalde om særs mykje korrupsjon i Colombia. Etter Rørtveit hadde jobba ein del år i Colombia, var han glad for at vi i Noreg får dekka blant anna skule og helsevesenet, mot at me betaler skatt. 

Det var også sal av kaker og kaffi.

Deretter var det duka for åresal.  Det vart sal av årer i 3 omgangar. Mange fine gevinstar vart utlodda. Elektronisk trekking og moglegheit for Vipps til dei som hadde gløymt kontanter.  

Ingunn Berg hadde og i år, strikka flotte dokkeklede. For å vinne desse, tok du lodd i ei eiga loddbok. Vinnaren vart verten sjølv, Malvin Sandanger.

Du kan lese meir om prosjektet ved å klikke her

Under kan du sjå bilete:



 

Tap, men oppløftande spel

Fogn - Madla 3: 2-4: Fredag 25. august gjesta Madla 3 Fogn stadion. I strålande sol vart 1. omgang sparka i gong. Eit godt stykke ut i omgangen kom kampens fyrste mål. Madla gjekk opp i leiinga. Like etter reduserte Lars Olav, og fognabuane vart i godt humør igjen. Like før pause scora Madla enda eit mål, og kunne difor gå med ein godfølelse til pause. Godfølelsen tok dei med seg langt ut i 2. omgang også. Etter kvart vart stillinga 4-1. Like før slutt scora Ørjan Bø Måkestad eit trøstemål for Fogn. 

Neste heimekamp er mot Sola 3, 8. september.

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

Innhaldsrik helg i vente

Kommande helg blir ei skikkeleg "kulturhelg".

Fredag 25. august

Fogn IL sitt A-lag kjempar i botnen av pulja si i år, men har tru på 3 kjærkomne poeng i heimekampen mot Madla 3, som har avspark ca. klokka 18.45 på Fogn stadion. Kom og hei fram dei mørkeblå til siger!

Lørdag 26. august

Laurdag brakar det laus med kulturbasar på Erås museum. Dørene åpner klokka 13.00. Erik Rørtveit kjem og informerer om prosjektet i Colombia, kl. 13.30. Sal av lodd frå kl. 14.00.

Seinare denne dagen blir det konsert med Flekkerøyguttene, i Fogn Kyrkje. Konserten startar 20.30, og det er kaffi i kjellaren etterpå.

Sundag 27. august

Viss du går glipp av konserten på laurdagskvelden, får du ein ny sjanse klokka 11.00 i Fogn kyrkje. Då vert det ein songgudsteneste ved Flekkerøyguttene, etterfulgt av lapskaus i kyrkjekjellaren!

Kulturbasar.jpg

Flott Fognamarsj

Søndag 13. august vart Fognamarsjen arrangert for 29. gong. Ottar Sandanger kunne melda om 59 startande. Løypa gjekk rundt øya, omlag 10 km. Sola stod høgt på himmelen, så det var ideelle turforhold. 

Jakob Bø og Anders Sandanger fullførte turen for 29. gong. Dagrunn Bø og Anne Sunde hadde gått turen 25 gonger, og fekk med seg ei kakespade heim.

Under kan du sjå bilete frå marsjen: