Ledige stillingar på Fogn Oppvekstsenter!

Det skjer ikkje veldig ofte, men no er det to ledige stillingar ved Fogn Oppvekstsenter. Rektor Alice Helgøy har bedt om at desse blir delt på Fogn.org, noko vi sjølvsagt gjer. Men oppfordringa går då vidare til lesarane, om å tipsa aktuelle søkjarar til stillinga som Pedagogisk Leiar i barnehagen, og ei deltidsstilling i SFO!

Søknadsfrist på begge stillingane er 20.01.2026, og ut frå annonseteksta ser det ut il å vere høve til å starte opp umiddelbart!