Klart for utegudsteneste (men inne om mykje regn...)
/Den årlege utegudstenesten i Eidsvåg blir arrangert 25. mai, altså noko tidlegare enn vanleg. No har jo vèret i mai stort sett vore veldig bra, men meldingane ser litt “så som så” ut til helga. Difor forsikrar Fogn Kyrkje på Facebook om at det er mogleg å sitje inne i naustet til Wenche og Oscar Runestad, ved behov.