Klart for fyrverkeri av ein kamp?

Førre gong fotballbanen på Fogn var i bruk, handla alt om fyrverkeri og overgangen til det nye året i januar. Difor måtte det gjennomførast dugnad med å plukke fyrverkerirester, laurdag 8. mars, dagen før rekordtidleg sesongstart for Fogn IL sitt A-lag i fotball!

Søndag 9. mars kl. 14.45 står nemleg nabo og rival Finnøy på motsett banehalvdel, i første runde av Rogalandscupen! Sjølv om Finnøy speler ein divisjon over Fogn, og, i motsetning til dei mørkeblå, faktisk trener fotball, er ikkje resultatet gitt på førehand! Då laga møttest på Fogn i 2018, vann nemleg Fogn etter ein dramatisk straffekonk!

Vermeldingane ser gode ut, så ein forventer mange tilskodarar og god stemning! I tillegg til det Fogn IL reklamerer med under, blir det varme grillar, så dei som ynskjer kan ta søndagsmiddagen med seg og grilla medan dei ser fotball av varierande kvalitet på ei vinterleg og våt grasmatte!