Nye trappedugnadar i veke 24
/Deler av dugnadsgjengen som var samla laurdag 1. juni
Det har alt vore to dugnadar på den nye steintrappa på stien opp frå kaien på Fogn, og omlag 20 trinn er no på plass!
I veke 24 blir det nye dugnadar, der alle som vil kan bli med! Møt opp på kaien, og ta gjerne med utstyr som spade, spett og krafse.
Dugnadane blir:
Måndag 10. juni kl. 17.30-20.00
Laurdag 15. juni kl. 09.00-13.00