Sjølvbetent og "alltid" open butikk!

8. mai er ein dag med positiv historisk sus i Noreg! Og utan samanlikning forøvrig, er det no også ein merkedag i historia til Joker Fogn! For det var nettopp på denne datoen, 8. mai 2024, at butikken vart sjølvbetjent store deler av døgnet, og utvida opningstida til å vera kl. 07-23 kvar dag!

Dei første kundane var ein familie som hadde reist til Fogn på hyttetur, og som først vart overraska over å kome til stengt butikk. Men butikksjef Gunhild Grønås, som enno sto utanfor butikken, kunne forsikra dei om at dei likevel ikkje måtte gå ein mager Kristi Himmelfartsdag i møte, for her var det berre å “tæppa” kortet, tasta koden, og gå inn i butikken for å handla på eiga hand!

Her er informasjonen Joker Fogn sjølv la ut på sine Facebooksider i dag:

I kveld starter vi opp med den høyteknologiske selvbetjente butikken fra kl 19-23! Kom og prøv da vel
Hvem blir den første kunden som får logget seg inn?? Dette gjør du enkelt ved å bruke visakortet ditt og PIN-koden.
Åpen butikk kl 07-23 alle dager.
Betjent som før kl 09-19 (18) man - lørdag.
Dette blir kjempe bra! Vi gleder oss!
Vi skal feire dette med en offisiell åpning på et senere tidspunkt.
Ølsalg kun i betjent tid.