Foreldremøte om bevisst mediebruk

Bilde frå barnevakten.no

Fogn oppvekstsenter informerer:

Er du usikker på kva barnet ditt held på med på nettet? (pc og/eller mobil), eller kva grenser eller reglar er ok å setje?

I samarbeid med FAU har vi invitert Barnevakten til eit foreldremøte på oppvekstsenteret 25. april kl. 17:30. Vi får då høyre Fartein Thorsen som vil engasjere oss, gi oss gode råd og informasjon om barns bruk av media, samt kva som er trygg bruk av digitale medier både heime og på skulen.

Du kan lese meir om Barnevakten på nettstaden deira.

Sett av datoen alt nå. Vi ønsker alle foreldre i skule og barnehage velkomne til ein viktig og interessant kveld.